Litt om historia i MELFJORDVEGEN

og lokale veianlegg...

Tilbake...

Første del av en artikkel skrevet om Melfjordveien - av Heen. Klipp© RLA.

Det er eit syrgleleg faktum at når det gjeld vegar står Rødøy langt attende for dei andre kommunar i fylket.  Med ei vidd på nær 670 kv.km. og med 3000 mennesker har kommunen berre 8-10 km. veg. Naturtilhøva i Rødøy gjer at det kanskje er vanskeligare og dyrare å bygja vegar her enn mange andre stadar, men når Røst har eit lengere vegnett enn Rødøy, då må det ein eller annan staden ikkje vore tatt det omsyn til Rødøy som kommunen har krav på.

Utviklingen krev stendig snøggare samferdsle, og skal vi her i Rødøy ikkje setja oss sjølve utanom framgangen, må vi få vegnettet vårt utbygd så det fyller de krav tida sett.  For vegane er ein viktig del av det økonomiske og materielle "blodomlaupet" i samfundet.  Er denne delen av "Blodutlaupet" ikkje effektivt nok, skader det heile den økomiske organismen.

Eit av dei gamlaste vegkrava i Rødøy er vegen Melfjordbotn - Mo i Rana.  Det er vel kring 100 år siden folk tok til å tala om dette vegprosjektet og kring 50 år siden det vert set fram krav om at denne vegen måtte byggjast. I 1919 var det av herredstyra i Rødøy og Nord-Rana set ned nemnder som skulle "befare og avgi uttalelse" om eit vegsamband millom Mo og Melfjordbotn. 24. september same året var nemndene ferdig med arbeidet, og dei anbefalt på det beste at denne vegen måtte verta bygd.

Hva dette vegsambandet kunde verta for samhandelen mellom kystkommunene og Rana-distrikta er det let å skyna. Eg skal nemna at en motorbåt treng begge 5-6 timer å gå fra Valvær eller Myken til Melfjordbotn.  Og var vegen bygd, kom ein med bil inn i Langvassgrenda på ein times tid.  Fisk som var fiska om formiddagen i Myken eller Valvær, kunne mot kvelden vera langt inne i Langvassgrenda.  Vil ein så nemnda all den skogen som står og rotnar i Ranadistriktet, og alle derute på øyene i sjøkommunane, som riv lyng og eine til brendsel i kalde vinterdagar, så trur eg ikkje ein treng nemna meir om samhandelen.

Er det moglig, må stamvegen i Rødøy gå fra Tjong rundt Tjongsfjorden og over Blokeidet til Strømsvik i Værangfjorden. (Fra Tjong til Straumsvik ca.14 km.)  Fra Straumsvik må han gå op gjennom Straumdal til Nordfjordholmane med ferje over til Indre Hanvik (ca. 1 km fergeforbindelse) og så over "Loftan" til Ravnskaret og videre ned lia til Melfjordbotn.  (Fra Straumsvik til Melfjordbotn er det ca. 20 km i luftlinje). Det kan hende at dette vegprosjektet kjem til å ligja på einskilde stader mellom 4 og 500 m. over havet. Men når ein veit at t.d. Dyrskarvegen (på Haukli) ligg 1133 m. over havet, skulde ikkje høgda vera til stort hinder . Ferdigbygd vilde denne vegen verta ein av de villaste og mest storlagne turistvegar i Nordland, med Svartisen og Skagatindene i bakgrunnen, og med Melfjorden under og så havet langt derute.

Fra Melfjord må vegen gå gjennom Gjervalskaret til Øresvik i Sørfjorden (Øresvik-Melfjordbotn ca. 22 km) og so vidare gjennom Lurøy til Nesna og Ranadistrikta.

Det kunde også kanskje greida seg med ein ved fra Melfjordbotn og ut på sørsida av Melfjorden til Oldervik i Sørfjorden (ca.  14 km), Men da måtte fergeforbindelse mellom Telnes og Oldervik og mellom Øresvik og Skivik.  Vart denne vegen bygd, som kunde dei som kom køyrande fra Gildeskål, Meløy eller Rødøy ta ferga fra Telnes til Oldervik, og så over Melfjorbotn koma i samband med riksvegen og Nordlandsbanen. Bø, 22.august 1936. T. K. Heen.

1936

Veibygging i Rødøy

Det foregår for tiden arbeide på veianleget Øresvik-Kvina med 12 mann fra Rødøy som arbeidsstyrke. For dagsverkbidrag arbeides det også på vegen Øresvik-Gjersvik, og Skivik-Sætervik og MELFJORDBOTN-RANA GRENSE.

Rana-veien er et av de viktigste veianlegg vi har for tiden, for den kan sette øydistriktene og Rana i forbiendelse og det på en langt hurtigere og billigere måte enn sjøverts. (NA 1936).

1936

Melfjordveien

Vei fra Melfjord til Nord-Rana.

I Rødøy herredsstyres siste møte fordeltes et dagverksbidrag på 3000 kroner til forskjellige veianlegg. Herav bevilgedes 350 kroner som forstebevilgnng til veianlegget Melfjordbotn - Nord Ranas grense. Strekningen er ikke så svært lang og om noen år vil man muligens ha sammenhengende veiforbindelse. NA 1936. Klipp: © RLA.

1923

En samlet veiplan for hele Rødøy

13. Melfjordbotten - Mo grænse, 12,0 km, kr 600.000. (Nr 13 av tilsammen 13 veianlegg).

1919

Kommunal kommite

VEIEN MO-RØDØY

Rødøy og Mo herredsstyrer har nedsatt en komite paa 3 mand hver for at arbeide frem veien fra Langvassgrænden i Mo til Melfjordbotn i Rødøy. Fra Mo er valgt ordfører Knudtson, lærer Skaar og gårdbruker Ole. O. Ravnaa

1900

Veier i Melfjordbotn

Melfjordbotn
Kjørbar gaardvei er der i Melfjordbotn mellom gaardene.
Lengden er 700 a 800 m.
Kilde: Helland 1907,